
I deg er det morsdag. Dette er ein kjend dag som blir markert på større og mindre måtar. I min familie lager me ofte frukost og kjøper ein liten blomst eller noko til mamma.
Kvifor feirar me morsdag eigentleg? Her er ein kortvariant av grunnen.
Ei ung heimeverande kvinne frå Appalachene i Nord-Amerika arbeida med kvinner for å betre dei sanitære forholda deira, både under og etter den amerikanske borgarkrigen (1861-1865). I dette arbeidet prøvde ho å skape ”Mothers’ Working day” (Mødrer sin arbeidsdag). Arbeidet til Anna Marie Reeves Jarvis inspirerte Julia Ward Howe og i 1870 skreiv ho ”mother’s Day Proclamation”. Ho greidde ikkje å innføre dagen til ein offisieldag, men dattera til Reeves fortsatte med arbeidet etter at mora døyde.
Den første Morsdagen vart arrangert 3 år etter (10. Mai 1908 i Grafton, West Virginia). Tradisjonen spreidde seg til 45 statar i USA og blei erklært som ein offisiell heilagdag i byrjinga av 1912.
I dag vert dagen feira som ein kommersiell dag der alle mødrer skal få litt ekstra merksemd. Datoen på denne dagen er forskjellig i mange land, men ingen feirar den så tidleg som me i Noreg.
Info henta frå Wikipedia. For å lese meir gå inn på denne linken:Morsdag
i’am really impressed!!