Om meg

 Kva eg har tenkt om denne sida

Eg har tenkt at dette kan bli ei heimeside for meg men også ein base for mi vesle bedrift. Som mål med bedrifta mi har eg igrunn å utarbeide små nettstadar, logoar og plaktar. Desse vil også da bli lagt under portoføljen min. Andre ting som skjer i
livet mitt som eg finn det forgodt til å skrive om vil også ligge her under blogg. Kanskje seinare vil eg ha inn ein eller to skribentar som kan skrive litt meir.


Oppvekst

Ein november norgon for 18 år sidan vart ei lita svarthåra jente fødd på Storken i Bergen. Ho vaks opp på Sotra saman med mora, stefaren og sju år seinare kom litan bror med i gjengen. Han fekk namnet Leon. I helgane gjekk ofte turen til Bergen til faren hennar.

10 år gamal flytta heile familien til Sogndal. Opp og fram gjekk det og ho vart konfimert (borgarleg), og som 15-åring, nesten 16 år gamal starta ho på Sogndal vidaregåande skule, ved linja Medium og kommunikasjon. Lengre enn dette har ikkje tida gått, men planane er klare. Ho ynskjer å starte på “Ravenbourn College of design and communikation” i London til hausten. Der vil ho studere Design of Interaction, noko som er ein bachelor utdanning (3 årig).

Interessar
Eg er svært glad i å bedrive tida mi med å vera med vennane mine, men det å drive med media er også artig. Det er så mykje innan den retninga eg likar. Alt frå å ta bilder, redigere/ manipulere dei og film, teikne/ måle, designe ting, lage tv/ radio og kunne bruke kreativiteten min på noko produktivt.

Jobb/ karriere
Den første jobben er hadde var hjå farmor ig farfar. Dei hadde Seim nærhandel og HyderoTexaco. Dette var mest for morro skuld, men eg lærte ein del. Da eg vart lit eldre hjalp eg til på tante Ingvill sin HyderoTexaco i enkelte feriar.

Like før eg fylte 16 år starta eg på Cubus Brustad på Sogningen Storsenter. Der jobba eg i rundt eit år, før eg gjekk ned i kjellaren på Europris. Etter eit halvt år der vart eg anbefalt å søke jobb som støttekontakt og eg fekk jobb med ein gong.

I tillegg til å arbeide som støttekontakt held eg og ein som heiter Thomas Morel stundom fotokurs for ungdom i Sogndal i alderen 13-19. Eg er også med i styret som tok inesjativet til å starte ei DNT-ung Sogndal gruppe. Denne bedrifta mi Lotiem Design har eksistert i over eit år, men det tar litt tid å få den i drift og få markedsført den.

Politikk
Eg starta i elevrådet i fyrste klasse som elevrådsrepresentant for klassen min. Etter eit halvt år vart eg vald inn som leiar for heile elevrådet på skulen, og da elevrådsleiar for rundt 700 elevar. Det er den største skulen i Sogn og Fordane. Via dette vervet vart eg med i Ungdomsrådet i kommunen (Sogndal), og der vald som nestleiar. Eg har fortsatt som leiar heilt til jul i år. Eigentleg skulle eg ”berre” vera nestleiar dette siste skuleåret, men leiaren slutta på skulen så eg hadde ikkje store valet. Sjølv om det er gøy vart det litt mykje dette siste året, så til jul er det slutt. Dette siste året på Media er svært krevande. Men arbeidet i Ungdomsrådet “stjel” ikkje så mykje tid i skuletida og med eit overraskande stort fleirtal vart eg i år vald inn som leiar for året 2006/ 2007