Ravensbourne College of Design and Communication

Ravensbourne College

Eg søkte i vinter på eit batchlorkurs i Interaksjonsdesign på Ravensbourne og kom gjennom til intervju.Intervjuet var den 3. April klokka 11. am. Eg skulle møte Steven Roberts som eg hadde snakke litt med over telefon og mail. Han skulle presentere meg for Interactions læraren som eg skulle bli intervjua av. Han var ein hyggeleg mann som viste oss (meg og ein annan fyr i frå London var tatt inn til intervjua samstundes) litt rundt på skulen før me skulle gå igang med intervjuet. Eg var først ut. Eg viste presentasjonen min og snakka litt om kva eg har gjort på og kan. Han syntes det var bra det eg hadde vist og at eg hadde alt på data. Da han andre skulle vise sitt kom han med ei portofølie i papirform, hehe. Han hadde mykje bra og vise fram også. Så skulle me evaluere kvarandre litt før dei skulle bestemme om me bestod eller ikkje. Me bestod begge to :)

Det var så vidt eg ikkje hoppa i taket og jubla, men måtte oppføre meg litt normalt og smilte og takka. Eg snakka litt med den andre guten og han fortalte at han var glad han kom inn men at han ikkje vitste enda for det var enda eit år til. Han var nemleg eit år yngre men søkte allereie no. Det er slik at om det er snakk om ein batchlorgrad så kan du søke eit år i forvegen om du vil, slik at du får vite tidlegare om du kjem inn eller ikkje.

Etter intervjuet var det å ringe heim til mamma. “Eg kom inn!!!” roper eg i telefonen til mamma. “gjorde du? Nei, no veit eg ikkje om eg skal grine eller le” sa ei ganske overraska mor heime i vetle Noreg. “Du skal smile å vera glad!”. Eg var heilt i ekstase.

Einare på kvelden tok Dan meg med på teater og middag. Det var kjempe koseleg. Me såg Blue Man Group, og det er eit av dei beste teateropplevingane eg har hatt. Dei har eit morsomt musikk, lys og lyd show som etter rykte er betre enn stomp! Eg fekk til og med eit blått (varmt) kyss på kinnet etter forestillinga av han eine i gruppa.

Skulen startar den 1. Oktober, men alle dei internasjonale studentane skal møtast ein gong før den 29. september. Det skal bli gøy, men også ganske skummelt. Eg har fått meg ein stad og bu også. Eg skal bu på skulen sin Campus. Det er små hus som du delar med 3 andre. Du har eit rom og må dele bad og kjøkken, stove er det ikkje. Det skal no fungere i eit år og på den tida kan eg finne meg noko betre.

Comments are closed.