
I går ettermiddag fekk eg telefon frå Elin Reinås i kommunen å fortalte at eg vart invitert til fornyingsdepartementet i Oslo 20. mars. Det er i alt 60 ungdommar som er plukka ut frå heile landet som skal vera med.Det skal gå over ein heil dag der me diskuterar rundt temane velferd, helse og utdanning, meir detaljert enn det veit eg ikkje enda. Dette kjem nok ikkje ut i avisene før i neste veke.
Grunnen til at Sogndal kommune er ein av dei kommune som får send nokre ungdommer er at me i ungdomsrådet har markert oss nasjonalt med arbeidet vårt for og med ungdom. Derfor var eg som leiar i ungdomsrådet (og i elevrådet på Sogndal VGS) ganske naturleg å ta med.
Dei andre som er plukka ut er Sigve Taklo Sekse (18) (Aktiv i Ungdom mot EU og elevrådet på sogndal VGS), Ole Henrik Vigdal (19) (tidlegare leiar i ungdomsrådet og med i ungdommens politisk utval), Mari Fimreite (16) (vore med å rarrangert Open hall i Sogndal) og Gry Holmen (16) (kjenner ikkje til noko om henne).
Etter reisa
Det var omlag 6 ungdommar der i alt og 4 av dei var oss. Me vart delt inn i grupper og måtte forflytte oss på ulike bord innan gruppa der me skulle diskutere og sei våre meiningar om saker og ting. Det var mange spennande mennesker der med alle slags bakgrunnar.
Sosialt hadde me det kjempe koslig saman. Me fekk jo sove på hotell, gå ut og ete (Egon resturante) og kose oss på staten si rekning.. I tillegg fekk me eit gåvekort på 1000 kroner for arbeidet me gjorde
Sjølvsagt måtte jo Sogningane halde saman og når det er fotograf til stades ville Heidi G. Røys ta bilde av oss saman.
(kjem seinare)